nov 29 2010

Farlege krefter

Under hov på Odins hest
Følg røter
I jorda til
Beinknusekjevar
Og blodhungerstrupe
Auget stirar harm
Mot himmel med hat
Vel du kan like
Med kjøtslitartenner
Og dødsjagarattrå
Heile Midgard å velte

På stigen til Hel
Følg føter
På vegen til
Dødknugerkvinna
Og Vargherskerinna
Ho sender først Garm
Og byr deg Hunger fat
Ho vil ikkje vike
Med evighetskulde
Og sjelsstjelerfingre
Aldri skal likfrossa smelte

Til klippen kryp fram
Følg lyden
Av snerring frå
Hatglødeauge
Og sverdsperretsvelget
Siklande befaler deg
Lenkja å slite
Kaos skal opnast
Med Ragnaroklengsel
Og likstinkarpust
Valfader snart vargemat blir

Mot vatnet dra hen
Følg bølgjer
I djupet synk ned mot
Undergangsgapet
Og åndstjelekveilen
Ingen slutt har ormevei
Heimdalssønner tyder lite
Hammerslag skal hevnest
Med smerteritvingar
Og skrekkskaparynskje
På havbunnen Torsbanen glir


nov 28 2010

I Djupet

I djupet finst døden
Du er løyndomen
I vatten sfære
Driv du straumen
Syn på deg ein aldri får

I djupet bur døden
Over minne ruar
Munnen verkar av krok på tvære
Utan mèn kom han frå staden
Tordenherre trassig botnen trår

I djupet ligg døden
Favner verda
Ligg så still
Ventar på
Boda frå syster di

I djupet ventar døden
Usynelig fare
Som skyggespill
Fånyttes enn lenge
Lengtast mot blodig stri


nov 27 2010

Kvarmannskvad

Verda er vond
For stridene folk
Sjølv er sterk
Om fleire bær byrden

Det finst
Ikkje annan veg
Enn utanom
Å gå for
Beinlaus kar

Gå steget unna
Og ufred gløym
Ikkje be om strid
Om du harehjartet eig

Tru berre på dei
Som held med alle
Som ikkje ber æra
Høgare enn gjørma dei trår

På minnet skriv
Tapar gjer aldri kar
Som støtt held
Seierherrene i eine handa

*Inspirert av Bjørneboes dikt; Ti bud til en ung mann som skal frem i verden og Håvamål*


nov 4 2010

Prisen

Då trellkår var ditt
Gjekk du som trogen
For fager frue
Varm var ho i blikket
Vond var ho i hugen
Om enn du åtte han

Som Villvargen blei du bunde
Av silkemjuke band
Men du gløymde
å sikre panten med
ein annans hand
Om enn du vart mindre av det

Slitne var lenkjer
Då kvinna smilte
Men laus kom du først
Når repet gav slepp
Av alt du fekk vite
Om enn du ikkje blei mett

Hels broder får ei fylle buken
For kvinna vende
Gjenstand for hemnen
Vegra ho vere
Gjekk attende
Om enn du veit ho òg er halv


okt 25 2010

LokeKvad

Det drypper på hans øyenlokk
Seint er alle dagar talte
Straffa var for djupe svik
Og sår i Friggs sjel
Blir aldri heile
For dottera di Takk unnte
Så vel trofeet
Ho eig for evig

Eter brenn i ormekjeft
Straumar utan nåde
Skade gav meg til slik bruk
Blir stagga trufast av din frue
Slik er visene til kvinna
Om enn løna hennar
Blir likegyldighet og spark

Men når begeret bittert fullt
Av gifta renn over
Då vrengast jordas tynne skal
I takt med dine kvaler
Eimen av sonens død
Innvollreip bind faderen til hellen
Som smertar trefold

Verda skal rivne opp
Når bindeverk blir strå
Og visna vekk
Frå svikarens kropp

Då vil du evne
I hærfart med lik vil du gå
Naglafar blåsar med vinden bort

Strupen din verkar av hat
Og  bror vil hilse Garm
Han gjev einherjes drott velkomsten
Fenris tenner skal omkring han sno
Slik møter blodsbror døden
Den enøydes son skal òg prisen krevje
For tenesta med blod

Enno skakar Yggdrasils rot
For kvalene dine si skuld
Gifta brenn, gjer ikke bot
Du pinast under gravbrun muld

Lengje skal vi enno lytte
Etter galet frå ein sotsvart hane
På ryggen av Helgrinds hytte
Vil hans røst gi alle bane