nov 29 2010

Farlege krefter

Under hov på Odins hest
Følg røter
I jorda til
Beinknusekjevar
Og blodhungerstrupe
Auget stirar harm
Mot himmel med hat
Vel du kan like
Med kjøtslitartenner
Og dødsjagarattrå
Heile Midgard å velte

På stigen til Hel
Følg føter
På vegen til
Dødknugerkvinna
Og Vargherskerinna
Ho sender først Garm
Og byr deg Hunger fat
Ho vil ikkje vike
Med evighetskulde
Og sjelsstjelerfingre
Aldri skal likfrossa smelte

Til klippen kryp fram
Følg lyden
Av snerring frå
Hatglødeauge
Og sverdsperretsvelget
Siklande befaler deg
Lenkja å slite
Kaos skal opnast
Med Ragnaroklengsel
Og likstinkarpust
Valfader snart vargemat blir

Mot vatnet dra hen
Følg bølgjer
I djupet synk ned mot
Undergangsgapet
Og åndstjelekveilen
Ingen slutt har ormevei
Heimdalssønner tyder lite
Hammerslag skal hevnest
Med smerteritvingar
Og skrekkskaparynskje
På havbunnen Torsbanen glir


nov 28 2010

I Djupet

I djupet finst døden
Du er løyndomen
I vatten sfære
Driv du straumen
Syn på deg ein aldri får

I djupet bur døden
Over minne ruar
Munnen verkar av krok på tvære
Utan mèn kom han frå staden
Tordenherre trassig botnen trår

I djupet ligg døden
Favner verda
Ligg så still
Ventar på
Boda frå syster di

I djupet ventar døden
Usynelig fare
Som skyggespill
Fånyttes enn lenge
Lengtast mot blodig stri