nov 4 2010

Prisen

Då trellkår var ditt
Gjekk du som trogen
For fager frue
Varm var ho i blikket
Vond var ho i hugen
Om enn du åtte han

Som Villvargen blei du bunde
Av silkemjuke band
Men du gløymde
å sikre panten med
ein annans hand
Om enn du vart mindre av det

Slitne var lenkjer
Då kvinna smilte
Men laus kom du først
Når repet gav slepp
Av alt du fekk vite
Om enn du ikkje blei mett

Hels broder får ei fylle buken
For kvinna vende
Gjenstand for hemnen
Vegra ho vere
Gjekk attende
Om enn du veit ho òg er halv