jun
24
2011
Brist
Isen ligg tjukk
Under kulda sitt spinn
Finns djup
Som meg ikkje finn
På glas eg vandrar
Botnen synst ei
Glatt av fred
Speglar meg
Utan tankar
Stilt i frost
Foten fell
Smertehav er ikkje lengre låst
Redsel slukar sjelen
Livspust stansar
Vatna grip kroppen
Inkje meir eg sansar
Tunge armar dreg ned i
dunkle djup
Verda glipper
Vonde fingrar viljen stryp
Til botnen
Skal tungsinnet
Følgjast